Festivalinformasjon

Billettprisar

Ved kjøp av billettar via vår online nettløysing kostar dagspass kroner 499 ,- og festivalpass kroner 749 ,-. Desse billettane kan kjøpast fram til 22. juni klokka 23:59, då onlinesalet vil bli stengt.

Ein kan også kjøpe billettar over skranke på Esso Lærdal. Dette tilbodet vil også vere tilgjengeleg til 22. juni klokka 23:59. Prisane er dei same som ved kjøp på internett.

Billettar kan også kjøpast i døra inn til festivalen. Prisen her vil vere den same for dagspass, medan prisen aukar til 799 kr for festivalpass.

Sjå denne lenka for ei fullstendig oversikt over våre prisar.

Festivalarmband

Dei som har kjøpt billettar på førehand må skriva ut betalingsbekreftelse motteken på e-post og ta med denne til billettkontoret. Der vil det bli utlevert festivalarmband i samsvar med billetten du har kjøpt.
Dersom du ikkje har motatt betalingsbekreftelse, send epost til aurora@jordeplerock.no

Frå og med klokka 20:00 opnar billettkontoret utanfor Lerumtomta. Her får du kjøpe billettar samt påsetjing av festivalarmband. 

Festivalarmbandet blir sett på av vårt personell og er det einaste gyldige beviset for å få adgang til festivalområdet. Dersom armbandet vert skada slik at det ikkje lenger er leseleg, eller det vert teke av, må du kjøpa ny billett.

Dersom du snik deg inn eller nyttar ugyldig band, blir du fråvist frå festivalområde og vil ikkje få tilgang til område resten av helga. 

Alkohol

Ingen under 18 år får kjøpa alkohol. Dei som er over 18 år får eit eige alkoholband samstundes som dei får påsett festivalarmbandet. Dette alkoholbandet må framsynast i det den alkoholhaldige vara skal utleverast. Dersom dette bandet vert mista, må ein gå attende til billettkontoret, legitimere seg og få påsett nytt band. Nytt band kostar 50 kr. For å hindre langing er det ingen som får kjøpt meir enn to alkoholeiningar samstundes.

Overstadig rusa personar har ikkje adgang til festivalområdet. Dersom dette vert oppdaga inne på området, vert ein bortvist og får avklypt festivalarmbandet sitt.

Dersom mindreårige drikk alkohol eller vert observert som rusa, vert dei bortvist frå området. Ved forsøk på langing til mindreårige vert både den mindreårige og langaren bortvist og får avklypt festivalarmbandet. Foreldre/føresette til den mindreårige vil bli kontakta.

Tryggleik

Det er både profesjonelle og frivillige vakter på festivalområdet. Vaktene si oppgåve er å ivareta gjestene sin tryggleik og bidra til å skape best mogleg festivalopplevingar. Vaktene har difor høve til å bortvise folk frå området. Dersom ein har spørsmål eller på andre måtar behov for å kontakte nokon under festivalen, bør du ta kontakt med ei vakt. 

Røde Kors er å finna i eit eige telt på festivalområdet. Dei har naudsynt utstyr til å handtere mindre skadar, og er rette plassen å gå om du eller andre treng medisinsk assistanse. 

Betaling

På festivalområdet vil det vera mogleg å betale med bankkort og kontantar. Vi anbefalar bruk av kort.

Særskilde behov

Jordeplerock skal vera tilgjengeleg for alle. Vi vil gjera vårt ytterste for at gjester med særskilde behov også skal få ei god festivaloppleving. 

Ledsager for gjester med særskilde behov vert akseptert utan kostnad, så lenge det kan førevisast gyldig dokumentasjon på at dette er naudsynt.

Festivalområdet skal også vere tilrettelagt for rørslehemma. Vi ber om at personar som nyttar mobilitetsutstyr tek kontakt på telefon 99261864 slik at vi kan sikre at festivalområdet er universelt utforma.