Frivillig

Jordeplerock har behov for mange smilande og blide frivillige for å gje våre gjester ei god oppleving. Me set stor pris på alle som vil bidra i løpet av festivalen, både på campen og på festivalområdet. Arbeid som frivillig er ikkje lønna.

Arbeid som frivillig er givande og kjekt. Mange av våre frivillige stiller opp år etter år - og det set me utruleg stor pris på! Utan dyktige, engasjerte og blide frivillige vert det ingen festival.

Du vil oppleva festivalen på ein litt anna måte enn gjestene, og vil få eit godt innblikk i det enorme apparatet som er i sving for å arrangera festivalen. Me treng frivillige innanfor fleire område, og du kan lese meir om desse områda og melde deg som frivillig lenger ned.

Tryggleik

Dette området går ut på å halde orden på festivalområdet, som i år består av konsertområdet og JordepleCamp. Hovudoppgåva som ordensvakt er å sørge for at alle har det bra og føler seg trygge. Elles kan arbeidsoppgåvene vera alt frå å sjekke festivalarmband i inngangpartiet, stå ved sceneområdet, rydde boss eller å halde orden på festivalcampen.

Dette er eit svært sosialt arbeid der ein i stor grad får kjenne på feststemninga til festivaldeltakarane. Aldersgrensa for å vera ordensvakt er 18 år.

Kjøkken og matsal

JordepleMAT er ein av våre kjennemerker og det seier seg sjølv at maten ikkje blir til over natta. Me treng frivillige i forkant og under festivalen til å produsere store mengder mat. I løpet av konserten er det også behov for frivillige som kan halde styr på grillen, tilberede rettane samt stå for matsalet. Me tilbyr opplæring i vårt kassesystem.

Informasjonstelt

Informasjonsteltet ved inngangspartiet er ofte det fyrste møte festivaldeltakarane har med Jordeplerock. Hovudoppgåvene er å vera behjelpelig med å setje på deltakararmband, besvare spørsmål og gi informasjon om busstransport, konsertprogram osb. Her forventar me at du er høflig og serviceinnstilt. Pugging av spesifikk informasjon i forkant er ein fordel - men ikkje naudsynt, det vil vera ei god oversikt over dette i teltet. Me tilbyr opplæring i vårt kassesystem.

Infrastruktur

Me byrja tidlig å byggje festivalområdet og har behov for staute jenter og gutar som ynskjer å ta i eit tak! Arbeidoppgåvene varierer i stor grad, frå å male "Jordepletromlar" til å bidra tilbygging og montering. Hovudmengda av arbeid kjem i forkant av festivalhelga, men like viktig som forberedelsane er også oppryddinga. Dette området er kanskje det området som krev flest arbeidstimar. Kom som du er, ingen spesielle forkunnskapar påkrevd!

Artistvert

Jordeplerock er oppteken av å ta godt vare på artistane. Som frivillig backstage står ein for vertskapet og skal såleis syte for at artistane har det som skal til for å gi deltakarane ei god konsertoppleving. Arbeidsoppgåver kan vera alt frå transport til/frå festivalområdet, ordne med forfriskningar eller formidle litt lokalhistorie.

Kommunikasjon

God kommunikasjon før, under og etter festivalen er heilt avgjerande for ei god festivaloppleving. Kommunikasjonsteamet gjer alt frå å ta i mot pressa til å dela informasjon og opplevingar på heimesida og i sosiale media. For å ha eit effektivt kommunikasjonsarbeid treng me også gode bilete, filmar og tekstar frå Jordeplerock. Har du eit talent for film og bilete, kan kommunikasjon vera aktuelt for deg.

I forkant av Jordeplerock tilbyr me informasjonsmøte med opplæring og informasjon for alle våre frivillige og andre aktørar som me samarbeidar med for å arrangere festivalen. Dette seminaret er planlagt i forkant av festivalen i juni - meir informasjon kjem på ein seinare tidspunkt.

Meld deg som frivillig

Kva for eit område ynskjer du å jobbe som frivillig under?

Kva for eit område ynskjer du å jobbe som frivillig under?

Dersom du har nokon spesielle ynskjer, kommentarar eller innvendingar, ver ven å formidle det her:

Me ber våre frivillige om å halde forhold ein får innsyn i, særskilt backstageområdet, for seg sjølv i respekt av arrangør, festivaldeltakar og artist sitt omdømme. Ved å melde seg som frivillig ynskjer me at de respekterer dette, både før, under og etter festivalen

Kjøp Billett

Billettar er ute for salg no. Me forventar at Jordeplerock 2024 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett tidleg.

Tusen takk til våre støttespelarar:

Tusen takk til våre støttespelarar:

Tusen takk til våre støttespelarar: