For fullstendig festivalinformasjon, sjå her.

Jordeplerock vert arrangert 29. og 30. juni 2018. Lærdal er lett tilgjengeleg frå både Oslo, Bergen og resten av Sogn og Fjordane. 


Transport / JordepleBUSS

Jordeplerock tilbyr gode transportmoglegheitar til publikum. Jordeplerock er gunstig plassert i Lærdal, og buss til arrangementet er ingen problem med vanlege rutebussar.

HEIM frå Jordeplerock: Me tilbyr buss oppover i dalen (Lærdal), til Sogndal, Flåm og Årdal. Bussane forlet Jordeplerock kl. 02.15 kvar kveld, og det er første-mann-til-mølla som gjeld. Billett kjøpes i døra ved påstigning, og prisen er NOK 100,-. 

Program

Fullstendig program får du sjå ved å trykke på fana "program" i menyen øvst på sida.

Overnatting / JordepleCAMP

Jordeplerock tilbyr overnatting på JordepleCAMP. I tillegg er det fleire gode overnattingsstader i Lærdal, men me anbefalar å vere tidleg ute med bestilling!  Les meir...  

Parkering

Det er mogleg å parkera i nærleiken av festivalområdet. Dette er gratis, og all parkering er på eige ansvar.