For fullstendig festivalinformasjon, sjå her.

Jordeplerock vert arrangert 29. og 30. juni 2018. Lærdal er lett tilgjengeleg frå både Oslo, Bergen og resten av Sogn og Fjordane. 


Transport / JordepleBUSS

Jordeplerock er gunstig plassert i Lærdal, og buss til arrangementet er ingen problem med vanlege rutebussar. Elles finst det taxi i bygda samt parkering om ein vèl å ta bilen fatt.

Heim frå Jordeplerock tilbyr me JordepleBUSS. Sjå spesifikk informasjon ved å trykke her, eller besøk sida i fana øverst.

Organisasjon

Jordeplerock er ein omfattande organisasjon med ulike styringsnivå. Både styret og teamleiarane har avgjerande oppgåver for at du som gjest skal få ei best mogleg festivaloppleving.

Les meir om organisasjonen her!

Overnatting / JordepleCAMP

Jordeplerock tilbyr overnatting på JordepleCAMP. Sjå her for spesifikk informasjon om camp. I tillegg er det fleire gode overnattingsstader i Lærdal, men me anbefalar å vere tidleg ute med bestilling!  Les meir...  

Parkering

Det er mogleg å parkera i nærleiken av festivalområdet. Dette er gratis, og all parkering er på eige ansvar. 

Presse

Les pressemeldingar eller ta kontakt med presseansvarleg, samt be om særskild akreditering for journalistar og fotografar.

Til pressesida her!

Dokumentarkiv

Foreninga Jordeplerock legg vekt på openheit ovanfor publikum. Innkallingar og referat frå styremøte, samt andre aktuelle dokument, vil difor vera tilgjengelege her.

Til dokumentarkivet!