Lærdal kommune og Lærdal Næringsutvikling

Lærdal kommune og Lærdal næringsutvikling er til saman den største samarbeidspartnaren til Jordeplerock. Lærdal kommune yter tenester til innbyggjarane i Lærdal kommune, og driv saman med Lærdal næringsutvikling eit omfattande utviklingsarbeid.

Indre Sogn Sparebank

Indre Sogn Sparebank er ein viktig bidragsytar til Jordeplerock. Banken er regionbank for Indre Sogn med Årdal, Lærdal og Sogndal som primærområde. Den tradisjonsrike banken har røter attende til 1860-talet og har kontor i Lærdal, Årdalstangen, Øvre Årdal, Sogndal og Bergen. Forvaltningskapitalen er på 3,4 milliardar kroner.

Lærdal Grønt

Lærdal Grønt er ei samanslutning av frukt- og grøntprodusentar i Lærdal som omset jordepler, grønsaker, moreller og bær. Dyrkarmiljøet står samla i ein slagkraftig organisasjon som står for felles produksjonsplanlegging og avtalar med grossistar, drift av fellestenester og samordning av lokale utviklingstiltak. Lærdal Grønt er ein aktiv bidragsytar for å gjennomføra Jordeplerock.

Lærdal Energi

Lærdal Energi vart skipa i 1934 som L/L Lærdal kraftverk og har sidan den tid utvikla seg til å bli ein landsdekkande leverandør av prisgunstige straumprodukt. Selskapet sel ca 55 GWh kraft og har 1700 kundekontaktar. Lærdal Energi er ein viktig samarbeidspartner og leverer all straumen som trengst for å arrangere Jordeplerock.