Årets Artistar

Desse spelar på Jordeplerock i 2026!


fredag 26. juni

Rotlaus

Bandet blei grunnlagt i 2015 og har sidan den gong klart å bli eit av Noregs største liveband. Dei har komme ut med fleire fantastiske låtar som "Byjenta" og "Rundt neste sving". Me er derfor veldig takksame for at Rotlaus kjem attende til oss i 2026!

Artist Ruben
Artist Ruben
Artist Ruben
fredag 26. juni

Vidar Villa

Han sjarmerte oss alle i senk sist gong han vitja oss i 2022, og no kjem han endeleg attende! Det blir høg allsongfaktor og idyllisk stemning når Vidar Villa går på scena i sommar.

fredag 26. juni

D.D.E

Treng me eigentleg å sei noko meir? D.D.E kjem til oss for tredje gong, og gjett om me gler oss! Det er heile 30 år sidan dei slapp albumet «Det går likar no», og det er klart at det jubileet må feirast på Jordeplerock

Laurdag 27. juni

CC Cowboys

Me kan som vanleg garantera god stemning på Jordeplerock - neste år kjem nemlig CC Cowboys til oss for første gong! Med nytt album i 2026 og gamle slagerar som «Tigergutt» og «Harry» kjenner me at det rykkar i dansefoten allereie.

Laurdag 27. juni

Madeléne

Bygdejenta Madeléne er klar for å vise Noreg musikken sin! Ho kom ut med si første låt i 2024, og no er ho klar for sin første turné. Då må ho sjølvsagt innom den fagraste bygda av dei alle… Du har kanskje skjønt det no? Madeléne kjem til Lærdal og Jordeplerock i 2026!

Laurdag 27. juni

Kjartan Lauritzen

Det er 10 år sidan han spelte hjå oss for første gong, og same året slapp han hitlåta «Fredag»... Det er ingen tvil om at denne artisten er høgt ønska på årets festival, og me er meget glade for å fortelje at Kjartan Lauritzen vender attende til Jordeplerock i 2026!

Tidligare Artistar
2025


2024


2023


2022


2019


2018


2017

2016

D.D.E
Sandra Lyng
Gunslingers
Katastrofe
Kjartan Lauritzen
System
Eirik Sognnes & Heil Ved


D.D.E
Sandra Lyng
Gunslingers
Katastrofe
Kjartan Lauritzen
System
Eirik Sognnes & Heil Ved

2015

Hellbillies
Robin og Bugge
Eirik Sognnes & Band
Ola Weel Skram


Hellbillies
Robin og Bugge
Eirik Sognnes & Band
Ola Weel Skram

2014

Eva & The Heartmaker
Cir.Cuz
Elg Band
Drusar
Avind
Steffen Jakobsen

2013

DJ Broiler
Gunslingers
Olav Stedje 
Heimalanne 
Nrwy 
Longhorn 
Daven Belfry Band
The Huskies 
Rhyolite 

Kjøp Billett

Det er berre nokre få billettar att. Me forventar at Jordeplerock 2026 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett fort.

Tusen takk til våre støttespelarar:

Kjøp Billett

Det er berre nokre få billettar att. Me forventar at Jordeplerock 2026 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett fort.

Tusen takk til våre støttespelarar:

Kjøp Billett

Det er berre nokre få billettar att. Me forventar at Jordeplerock 2026 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett fort.

Tusen takk til våre støttespelarar: