Årets Artistar
Desse spelar på Jordeplerock i 2026!
fredag 26. juni
Rotlaus
Bandet blei grunnlagt i 2015 og har sidan den gong klart å bli eit av Noregs største liveband. Dei har komme ut med fleire fantastiske låtar som "Byjenta" og "Rundt neste sving". Me er derfor veldig takksame for at Rotlaus kjem attende til oss i 2026!
fredag 26. juni
Vidar Villa
Han sjarmerte oss alle i senk sist gong han vitja oss i 2022, og no kjem han endeleg attende! Det blir høg allsongfaktor og idyllisk stemning når Vidar Villa går på scena i sommar.
fredag 26. juni
D.D.E
Treng me eigentleg å sei noko meir? D.D.E kjem til oss for tredje gong, og gjett om me gler oss! Det er heile 30 år sidan dei slapp albumet «Det går likar no», og det er klart at det jubileet må feirast på Jordeplerock
laurdag 27. juni
CC Cowboys
Me kan som vanleg garantera god stemning på Jordeplerock - neste år kjem nemlig CC Cowboys til oss for første gong! Med nytt album i 2026 og gamle slagerar som «Tigergutt» og «Harry» kjenner me at det rykkar i dansefoten allereie.
laurdag 27. juni
Madelène
Bygdejenta Madeléne er klar for å vise Noreg musikken sin! Ho kom ut med si første låt i 2024, og no er ho klar for sin første turné. Då må ho sjølvsagt innom den fagraste bygda av dei alle… Du har kanskje skjønt det no? Madeléne kjem til Lærdal og Jordeplerock i 2026!
laurdag 27. juni
Kjartan Lauritzen
Det er 10 år sidan han spelte hjå oss for første gong, og same året slapp han hitlåta «Fredag»... Det er ingen tvil om at denne artisten er høgt ønska på årets festival, og me er meget glade for å fortelje at Kjartan Lauritzen vender attende til Jordeplerock i 2026!

















