JordepleBuss

Vil du heim til eiga seng etter at arrangementet er ferdig? Då er JordepleBuss eit godt alternativ.

Kjøp billettar til Jordeplebuss her:

Det vert sett opp JordepleBuss også i 2025. Du kan kjøpe bussbillett frå dei ulike destinasjonane til Lærdal før konsertstart og attende etter konsertslutt. Me oppmodar om å kjøpa billett til bussen så tidleg som mogleg, for å sikra deg plass. Billettar til buss vert kjøpt på same måte som billettar til festivalen, og billettane må førehandstingast. 

Billett frå/til Borgund kostar kr.149. Billett frå/til Sogndal, Årdal og Aurland kostar kr. 179. 

Skal du ta buss begge dagar må du kjøpa billett for både for tur og retur, begge dagar.

Det vert sett opp buss frå og til desse destinasjonane:

Sogndal:

Avreise Sogndal Skysstasjon klokka 18:30. Stoppar også på Kjørnes kl. 18:35 og Kaupanger Shell kl. 18:40. Pris 179kr per billett.

Avreise Jordeplerock klokka 02:05 med Sogndal Skysstasjon som endestopp. Stoppar også ved Kaupanger Shell og Kjørnes. Pris 179kr per billett. 

Årdalstangen/Øvre Årdal

Avreise Øvre Årdal Skysstasjon klokka 18:30. Stoppar også ved Årdalstangen klokka 18:40.

Avreise Jordeplerock klokka 02:10. Stoppar også på Årdalstangen. Pris 179kr per billett.

Aurland/Flåm

Avreise Flåm klokka 18:30. Stoppar ved Aurlandsvangen klokka 18:40 og Sognaporten klokka 18:45.

Avreise Jordeplerock klokka 02.10. Stoppar ved Sognaporten og Aurlandsvangen. Flåm som endestopp. Pris 179kr per billett. 

Borlaug

Avreise Borlaug klokka 19:00. Køyrer gamlevegen (Borgundsvegen) til Steinklepp. Deretter E16. Saltkjelen kl. 19:20, Håbakken 19:25. Påstigning langs heile ruta, gje signal til sjåfør for påstiging.

Avreise Jordeplerock klokka 02:15. Køyrer E16 til Steinklepp, deretter gamlevegen (Borgundsvegen) til Borlaug. Avstigning langs heile ruta ved signal. Pris 149kr per billett.

Merk!


Bussane køyrer frå festivalområdet til oppsett tid.


Du er sjølv ansvarleg for å møta opp i god tid til avgangen. Avgangstidene er sett opp etter avtale med busselskapa, og må køyra frå festivalområdet til oppsett tid for å rekka ferjer og anna. Det er difor heilt avgjerande at du møter opp i god tid, og minst 10 minutt før avgang.


Jordeplerock tek ikkje ansvar for passasjerar som mistar bussavgangen fordi dei ikkje har møtt opp til rett tid.


På grunn av stor pågang vil det vera svært vanskeleg å få tak i drosje, og Jordeplerock har ikkje høve til å assistera gjestene med transport utover bussavgangane som er sett opp.

Kjøp billettar til Jordeplebuss her:

Tusen takk til våre støttespelarar:

Tusen takk til våre støttespelarar:

Tusen takk til våre støttespelarar: