Me søker merch- og trykkansvarleg til Jordeplerock

11. september 2026

Ynskjer du å få praktisk erfaring med design, profilering og produksjon til ein ekte festival?

Jordeplerock utvidar arrangørgruppa og ser etter ein frivillig som kan ha ansvar for merch, plakatar, banner, skilt og andre trykksaker.  Dette inkluderer kontakt med trykkeri og leverandørar.

Rolla er fleksibel og kan tilpassast deg. Du kan først og fremst koordinere bestillingar, eller få vere meir kreativ og jobbe med design og grafikk.

Vi ser etter deg som:

  • er kreativ og strukturert

  • likar å ta ansvar

  • har interesse for design, kommunikasjon, marknadsføring eller festivalarbeid

  • ønskjer relevant erfaring til CV eller portfolio

Du treng ikkje ha erfaring frå før, motivasjon og interesse er det viktigaste!

Arbeidet kan kombinerast med studiar eller jobb, men det må påreknast litt ekstra innsats fram mot festivalen. Du får opplæring, relevante dokument og støtte frå arrangørgruppa.

Dette er ei fin moglegheit til å få ekte prosjekt-, produksjons- og leverandørerfaring som og noko konkret å vise til på CV-en.

Interessert eller har du spørsmål? Ta kontakt med oss i Jordeplerock på Facebook, Instagram eller marita@jordeplerock.no

Kjøp Billett

Det er berre nokre få billettar att. Me forventar at Jordeplerock 2026 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett fort.

Tusen takk til våre støttespelarar:

Kjøp Billett

Det er berre nokre få billettar att. Me forventar at Jordeplerock 2026 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett fort.

Tusen takk til våre støttespelarar:

Kjøp Billett

Det er berre nokre få billettar att. Me forventar at Jordeplerock 2026 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett fort.

Tusen takk til våre støttespelarar: