Billettar

Her får du kjøpt billettar til Jordeplerock 2026!

Kjøp billett tidlig!

Årets billettar blir lagt ut for sal 16. november 2025.

Førehandsal av billettar føregår på nett fram til festivalen. Me anbefalar deg å sikre deg billett ved å kjøpe på førehand.

Hugs at Jordeplerock har vore utsolgt dei siste åra og me kan derfor ikkje garantere at det vil vera mogelig å få ta i billett den siste tida før festivalen. Me forventar at Jordeplerock 2026 blir utsolgt.

Aldersgrense

Nedre aldersgrense for festivalen er det året ein fyller 15 år, i år gjeld det personar fødd i 2011. For å opphalde seg på JordepleCamp er nedre aldersgrense 18 år.

Alle festivaldeltakarar skal ha med seg gyldig legitimasjon, både når ein hentar ut armband og på sjølve festivalen. Personar utan gyldig legitimasjon kjem ikkje inn på festivalområdet. Einaste gyldig legitimasjon er bankkort med bilete og fødselsnummer, førarkort, nasjonal ID eller pass (ikkje naudpass). Me aksepterer ikkje bilete av legitimasjon, slik som t.d. bilete av bankkort, pass eller liknande. Digitalt førarkort vert ikkje rekna som gyldig legitimasjon.

For å få utdelt alkoholarmband krevst det personlig oppmøte og framsyning av gyldig legitimasjon. Alkoholarmband er kun for dei over 18 år med gyldig legitimasjon. Festivalarmband kan hentast ut av nokon andre, men merk at uthenta armband vert å rekne som billett – mistar ein dette har ein ikkje krav på nytt armband og må kjøpe ny billett dersom det framleis er ledige billettar.

Billettprisar

Festivalpass

Dagspass

Festivalpass med inngang til JordepleCamp

Hotellpakke med festivalpass

Festivalpass med campingplass og inngang til camp


Festivalpass

Dagspass

Festivalpass med inngang til JordepleCamp

Hotellpakke med festivalpass

Festivalpass med campingplass og inngang til camp


NOK 1645,-

NOK 995,-

Pris kjem

Pris kjem

Pris kjem


1645,-

995,-

Pris kjem

Pris kjem

Pris kjem

Billettane er ikkje refunderbare.

Ingen under 18 år får kjøpa alkohol. Dei som er over 18 år får eit eige alkoholband samstundes som dei får påsett festivalarmbandet. Dette alkoholbandet må framsynast i det den alkoholhaldige vara skal utleverast. Dersom dette bandet vert mista, må ein gå attende til billettteltet, legitimere seg og få påsett nytt band. Nytt band kostar 100 kr. For å hindre langing er det ingen som får kjøpt meir enn to alkoholeiningar samstundes.

Overstadig rusa personar har ikkje adgang til festivalområdet. Dersom dette vert oppdaga inne på området, vert ein bortvist og får avklypt festivalarmbandet sitt.

Dersom mindreårige drikk alkohol eller vert observert som rusa, vert dei bortvist frå området. Ved forsøk på langing til mindreårige vert både den mindreårige og langaren bortvist og får avklypt festivalarmbandet. Foreldre/føresette til den mindreårige vil bli kontakta.

Kjøp Billett

Det er berre nokre få billettar att. Me forventar at Jordeplerock 2026 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett fort.

Tusen takk til våre støttespelarar:

Kjøp Billett

Det er berre nokre få billettar att. Me forventar at Jordeplerock 2026 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett fort.

Tusen takk til våre støttespelarar:

Kjøp Billett

Det er berre nokre få billettar att. Me forventar at Jordeplerock 2026 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett fort.

Tusen takk til våre støttespelarar: