Kjem du langt ifrå og ynskjer å overnatta i Lærdal? Då er JordepleCAMP eller JordepleHOTELL noko for deg!
JordepleHotell

Dersom du ynskjer å nyte ei helg på hotell under Jordeplerock har vi gleda av å tilby JordepleHotell på Lærdal Hotell! Her får du eit nydeleg dobbeltrom, frukost og to festivalpass i pakka! Lærdal Hotell ligg om lag 5 minuttars gange frå festivalområdet. Innsjekk frå 15:00 fredag 27. juni. Utsjekk seinast 12:00 søndag 30. juni. Du får festivalband utlevert ved innsjekk på hotellet, alkoholband må hentast ved informasjonsteltet på festivalområdet. Det er 18 års aldersgrense på JordepleHotell.
JordepleCamp

JordepleCamp er lokalisert på den nydelege campingen til Lærdal Ferie og Fritidspark. Det er begrensa plassar på campen, og du lyt førehandstinga billett for å vera sikra plass. Dette gjerast på «Kjøp Billett» - sida på Jordeplerock.no
Dersom ein ynskjer å leige hytte eller leiligheit kan dette gjerast på mail til info@laerdalferiepark.com. Opphald her krevjer også festivalpass med inngang til camp.
Aldersgrense
Du må ha fylt 18 år for å koma inn på JordepleCamp.
Opningstider
JordepleCamp opnar fredag 27. juni kl. 15:00. Du må forlata området seinast søndag 29. juni kl. 12:00.
Fasilitetar
JordepleCamp er utstyrt med følgjande fasilitetar:
Sanitæranlegg med toalett og dusj.
Eitt straumuttak pr. vogn/telt (ta med skøyteledning).
Drikkevatn.
Avfallsdunkar.
Servicekiosk.
Området har også vakter som ser til at gjestene har det bra.
Reglar
Det gjeld eige reglement for JordepleCamp. Eventuelle skadar påført campingen sin infrastruktur eller installasjonar må erstattast av den skuldige.
Billettar
Ein treng gyldig billett med inngang til camp for å komma inn på JordepleCamp. Billettar vert kjøpt på nett samstundes som du kjøper billett til festivalen. Kjøp av vogn/bubil/telt-plass inkluderar eitt festivalpass med inngang til camp. Alle øvrige gjester på campen må kjøpe festivalpass med inngang til camp. Inngang til JordepleCamp kan berre kjøpast saman med festivalpass. Det er ikkje mogleg å kjøpa inngang til campen separat.
Prisar for JordepleCamp 2025
Du må ha gyldig billett for å koma inn på JordepleCamp. Inngang til JordepleCamp kan berre kjøpast saman med festivalpass. Det er ikkje mogleg å kjøpa inngang til campen separat. Det er difor viktig at du kjøper festivalpass med camp for å sikra deg inngang. Det må i tillegg kjøpast plass til vogn eller telt.
Innsjekk / Utsjekk
Det vil vera mulig å sjekke inn på JordepleCamp frå fredag 27. juni klokka 15.00. Henvend deg fyrst i informasjonsteltet lokalisert ved inngangen til festivalområdet for å hente ut armband og adgangsbevis til JordepleCamp. Køyr deretter mot JordepleCamp (merka med skilt). Ved inngangen til JordepleCamp vil du få tildelt plass hjå ein av våre vertar.
Søndag 30. juni klokka 12.00 er siste frist for å forlate JordepleCamp. Me ber om at de ryddar området så godt som råd før heimreise og ventar på godkjenning frå ein av våre vertar på staden før avreise. Me ber dykk vera merksam på at me ikkje kontrollerer promille på sjåfør før avreise - men politiet kan vera tilstades rundt fyrste sving vekk frå området.
JordepleCamp er eit tilbod i samarbeid med Lærdal Ferie og Fritidspark, der Jordeplerock tek over heile campingplassen, det er difor ikkje høve for andre gjester å bu på campingen denne helga.