Sticky Scroll

Dei tre fyrste banda til Jordeplerock 2024 er avslørt!

20. desember 2023

Som perler på ei snor har me allereie publisert tre artistar til Jordeplerock 2024. Fyrst ut var to kjenningar frå 2019; Stavangerkameratene og Folk Flest. Begge vart godt mottekne av publikum sist dei besøkte Jordeplerock og me forventar at dei også vert det i 2024.

Endeleg kan me ynskja Åge & Sambandet velkomen til Lærdal og Jordeplerock! Det er få band som har vorte etterspurt meir i løpet av Jordeplerock sine 11 år enn nettopp Åge & Sambandet. Me ser fram til å nyta kjente og kjære låtar frå trønderrockebandet i dei flottaste omgivnadar ein festival kan by på!

Det ser altså lovande ut for dei som ynskjer fart på både dansefoten og rockefoten i 2024. Det er heller ikkje tvil om at det vil bli høg allsangfaktor på Lærdalsøyri til sumaren!

Billettsalet er også allereie i gang, sikre deg billett allereie no!

Kjøp Billett

Det er berre nokre få billettar att. Me forventar at Jordeplerock 2026 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett fort.

Tusen takk til våre støttespelarar: