Årets Artistar
Desse spelar på Jordeplerock i 2025!
fredag 27. juni
Ruben
Han bergtok heile publikum og skapte magisk stemning då han runda av Jordeplerock i 2022. Sidan har han turnert land og strand og tatt dei fleste nordmenn med storm med låtar som «Lay By Me» og «Milk And Honey». No tek han endeleg turen tilbake til Sogn og Lærdal!
fredag 27. juni
Hellbillies
Dei vitja oss fyrst i 2015 og så i 2019. Begge gongene var det mange som både song med og fekk fart på dansefoten. Som dei fleste veit så er vel alle gode ting tre og me reknar med det blir like mykje allsang og dans når Hellbillies kjem attende til Jordeplerock i 2025!
fredag 27. juni
Di derre
«Jeg traff henne på Jordeplerock sommeren 25…» Kven veit, kanskje det er det du syng etter årets festival?
Få med deg «Jenter» og fleire andre slagerar frå Di derre på Jordeplerock i sommar!
laurdag 28. juni
Vassendgutane
Det er berre å ta på seg cowboyhatten og varme opp stemmebåndet, for det blir allsang til både «Hjortejakt» og «Granada» i sommar!
Vassendgutane vender endelig attende til Lærdal og Jordeplerock i 2025
laurdag 28. juni
Synne Vo
27-åringen frå Lesja har sunge seg rett inn i hjartet til det norske folk dei siste åra med låtar som «Ett minutt» og «Lykke te». Det er berre to år sida ho vitja oss sist, men me får rett og slett ikkje nok av Synne Vo!
laurdag 28. juni
Trang Fødsel
Bandet blei danna i 1992 av ein gjeng lærarstudentar, og sidan det har dei gitt ut fleire radiohits! Me satsar på lika god stemning som i 2022, og gledar oss til å sjå Trang Fødsel på scena i sommar!
Kjøp Billett
Det er berre nokre få billettar att. Me forventar at Jordeplerock 2025 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett fort.