Hellbillies.jpg

Hellbillies

Hellbillies er eit av Noregs mest suksessrike band. Det seier seg vel sjølv, når dei no legg ut på turnè i sitt 29. aktive år. Og ikkje stoppar det her heller, dei har nemleg planlagt nytt album i 2020 i anledning sitt 30. års jubileum, og det vert det 12. studioalbumet i rekkja. Vi er strålande nøgde med at Hellbillies framleis turar rundt i vårt langstrakte land, og at dei ikkje kun søkjer dei største scenene i Noreg. Tenk så heldige me er, at sjølveste Hellbillies vil stoppe i vesle vene Lærdal i sumar!

Folk Flest-01.jpg

Folk Flest

«Folk Flest» spelar country og irsk-inspirert musikk som garantert set i gang rockefoten samt allsang hjå publikum. I spissen for bandet står Sogn si nye store songstjerne Einar Bolstad, m.a kjend for Sogn og Fjordane sangen og Julesong-turnè i vinter. Med Einar Bolstad på scena tør vi i Jordeplerock å garantere gåsehudfaktor også!

2.jpg

Stavangerkameratene

«Eg seie bare så du vett det» ... Stavangerkameratene kjem til Jordeplerock 2019! Det populære bandet, som består av Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland - har teke Noreg med storm, og er klare til å skape magisk stemning i Lærdal.

Kjartan_Jordeple2018-01.jpg

Kjartan Lauritzen

Det er ei stor ære å ynskje Balestrand sin store son, Kjartan Lauritzen, velkomen tilbake til Jordeplerock! I 2016 skapte Lauritzen eit show utan like, og vi forventar fantastisk stemning med han på scena, denne gongen med fleire store nasjonale hits i baklomma.