Om Jordeplerock

Ideen om ein festival i Lærdal blei fyrst fremja på eit ungdomsrådmøte i 2011. Dåverande ordførar Arne Sanden vitja som vanlig møtet der ungdomane diskuterte flittig livet i Lærdal og deira tankar om framtida til kommunen. Det var dystre tider der bla. Opplysningen 1881 vart nedlagt og føde- og barseltilbodet var nedleggingstrua. Det var då ungdomsrådsleiar Helge Evensen Bjørkum kom med kommentaren: “Alle kommunar med respekt for seg sjølv har ei flott fontena og ein kul festival”. Motsvaret til ordføraren var då: “Eg fiksar fontena om de fiksar festival”. Og så blei det samrøystes vedteke i Lærdal Ungdomsråd at det skulle jobbast med å starte ein festival for, av og medungdomen i Lærdal.

Mot påsketider i 2011 blei ungdommens formannskap tipsa om at det var mogelig å søkje om bulystmidlar. Kort fortalt er dette midlar som blir tildelt prosjekt som skal bidra til å auke bulyst i kommunane. Ski vart nedprioritert denne påska, og ein søknad med mål om å skaffe 500 000 kr til prosjekt “Kulturbasert Entreprenørskap” vart til. Sogn og Fjordane Fylkeskommune hadde lite tru på gjennomføringsevna til prosjektleiinga og innstilte derfor å avslå søknaden. Kommunal- og regionaldepartementet gjorde om på vedtaket og gjekk inn for å støtte prosjektet. Prosjektet hadde tre arbeidsområder: Arbeid, arrangement og attraktivitet. Under arrangement låg planane om ein festival som skulle vera punktum finale for heile prosjektet, i utgangspunktet planlagt sumaren 2012. Prosjektperioden gjekk fyrst frå sumar 2011 til sumar 2012, men vart forlenga ut året. Festiavalen vart dermed flytt til sumaren 2013 – noko som var gunstig for då var fleire av arrangørane fylt 18 år.

Kva som skulle bli navnet på festivalen var det ingen tvil om – Jordeplerock. Navnet kom på bordet allereie då me skulle søkja om bulystmidlar. I søknaden var det viktig å definere kva som skilte Lærdal ut frå nabobygder. Kva var det me i Lærdal identifiserte oss som? Jordeple finn me i dialekta vår, i næringslivet og det representerer godt Lærdal den grøne kommunen. Me hadde også ei oppfatning om at som Lærdøl kan ein brukast til det aller meste, slik som Jordepla.

Det var naturlig at dei som tok del i prosjekt Kulturbasert Entreprenørskap også tok del i Jordeplerock. Desse var Helge Evensen Bjørkum, Stian Offerdal Vatlestad, Maritha Tønjum Skjerdal, Anna Gjesdal, Aurora Hellandsjø Lysne, Synnøve Askeland Kvamme og så fekk me med oss Knut Egil Solibakke Mo. Og så Gunn Beate Sjøthun sjølvsagt. I 2011 vart Jan Geir Solheim ordførar i Lærdal og det var såleis strategisk å få med han i styret. Fleire av arrangørane var ungdomsrådsmedlemmar, men det var også ei god fordel av me var i same vennegjeng.

Jordeplerock har sidan start vorte arrangert siste helga i juni – ein perfekt start på sumaren. Strategisk lagt til tidsrommet mellom Lærdalsmarknaden og Kom Heimatt, midt i blinken for den som ynskte å legge sin trevekers sommarferie til Lærdal.

Våren 2013 var hektisk for ungdomane, som alle hadde eksamensperiode. Prosessen gjekk for det meste i “learning by doing” då me ikkje hadde stor erfaring på området. Det skal seiast at sumaren 2012 reiste fleire av oss til Lakselv på Midnattsrocken for å sanke litt erfaring. Me enda alle til slutt i kjøkkentjenesta med skryt for vår innsats. Lærdommen me tok derfrå var kor viktig maten er for ein festival, noko som førte til at me saman lagde festivalenmaten frå botn, med Jordepla som hovudinngrediens. Det skulle visa seg at det var taktisk å flytte festivalen til slutten av juni, det er då tidligjordeplene er klare. I seinare år er det fleire som har smakt si fyrste tidligjordepla frå Lærdal på nettopp Jordeplerock!

Med eit publikumstal på omkring 900 innom i 2013 har festivalen utvikla seg i rekordfart dei siste åra, til det me vil påstå er ein av dei største i Sogn. Me har opplevd voksesmerter på fleire område og det var vore viktig å setja eit publikumstak for å sikre kvalitet i alle ledd. I 2023 feira me altså 10 årsjubileum. Med publikumsrekord inne på området laurdag er me godt nøgd med eit vel blåst arrangement.

Men det me kanskje er aller mest stolte av, er at me no er vorte ein gjeng med unge vaksne der flesteparten har etablert seg i Lærdal. Me kan såleis seia at me også har lukkast med prosjekt «Kulturbasert Entreprenørskap» der målet var å skape bulyst i Lærdal – om ikkje anna enn for oss sjølve. Her har me planar om å fortsetje å arrangere festival i mange år framover og me ser allerede fram til Jordeplerock 28. -30. juni 2024!

Kjøp Billett

Billettar er ute for salg no. Me forventar at Jordeplerock 2024 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett tidleg.

Tusen takk til våre støttespelarar: