Årets Artistar

Desse spelar på Jordeplerock i 2024! Fleire artistar blir slepte etter kvart.


fredag 28. juni

Stavangerkameratene

Stavangerkameratene tok publikum med storm under Jordeplerock i 2019. Sidan har Sogningane nynna «bare så du vett det» i påvente av at dei skal på ny ta seg inn fjorden vår. I 2024 skjer det og me tippar publikum syng med så ekkoet jomar oppover i fjellheimen

fredag 28. juni

Delara

Delara har i dei siste åra bemerka seg som artist både nasjonalt og internasjonalt. Gjennom låtar som «Paper Paper» og «We Don´t Run From Anyone» sender ho tydelig politiske bodskap. Ein kan såleis seia at ho har bana ein ny veg innanfor norsk popmusikk

Coverlåta «Josefin» var blant dei mest streama i fjor og det syner berre kor stor vidde Delara har som artist. Det skal bli ein fryd å ha ho på scena på Jordeplerock 2024!

fredag 28. juni

Åge & Sambandet

Endeleg kan me ynskja Åge & Sambandet velkomen til Lærdal og Jordeplerock! Det er få band som har vorte etterspurt meir i løpet av Jordeplerock sine 11 år enn nettopp Åge & Sambandet. Me ser fram til å nyta kjente og kjære låtar frå trønderrockebandet i dei flottaste omgivnadar ein festival kan by på!

Laurdag 29. juni

Folk Flest

Folk Flest er eit sognaband som har spelt seg inn i hjarta til .. ja – folk flest. Med country- og irskinspirerte tonar fekk dei fart på dansefoten til mange Jordeplerockarar i 2019. Og kven fekk ikkje gåsehud av klangen til Einar Bolstad si fagre røyst i dalføret vårt?

Me kan ikkje tru noko anna enn at det kjem til å bli rykningar dansefoten og gåsehud i 2024 også!

Laurdag 29. juni

Ringnes Ronny

Om ein ikkje allereie har latt seg rive med av topphits som «Valhalla», «Jag vil ha deg» og «Polisen» så skal det godt gjerast å unngå det på Jordeplerock 2024,

Ringnes- Ronny har opplevd stor suksess med både høge streamingtal og utsolgte konserthus i Norge, Sverige og Finland dei siste åra. Då er det ekstra stas at han tek vegen innom Sogn og Lærdal!

Laurdag 29. juni

Postgirobygget

Kva er vel meir Idyll enn En Solskinnsdag på Jordeplerock? Med kulden me har opplevd i det siste er det vanskeleg å førestilla seg Sommer på Jorda, men smaken av bakt Jordepla med verdas beste kryddersmår er Tidløs.

Du har vel kanskje skjønt det no? Postgirobygget kjem endeleg til oss i 2024!

Tidligare Artistar
2023


2022


2019


2018


2017

2016

D.D.E
Sandra Lyng
Gunslingers
Katastrofe
Kjartan Lauritzen
System
Eirik Sognnes & Heil Ved


D.D.E
Sandra Lyng
Gunslingers
Katastrofe
Kjartan Lauritzen
System
Eirik Sognnes & Heil Ved

2015

Hellbillies
Robin og Bugge
Eirik Sognnes & Band
Ola Weel Skram


Hellbillies
Robin og Bugge
Eirik Sognnes & Band
Ola Weel Skram

2014

Eva & The Heartmaker
Cir.Cuz
Elg Band
Drusar
Avind
Steffen Jakobsen

2013

DJ Broiler
Gunslingers
Olav Stedje 
Heimalanne 
Nrwy 
Longhorn 
Daven Belfry Band
The Huskies 
Rhyolite 

Kjøp Billett

Billettar er ute for salg no. Me forventar at Jordeplerock 2024 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett tidleg.

Tusen takk til våre støttespelarar:

Tusen takk til våre støttespelarar:

Tusen takk til våre støttespelarar: