Billettslepp 15. desember
9. desember 2024
Kva med å gi ein oppleving i julegåve? 15. desember 2024 slepp me billettane til årets Jordeplerock!
Førehandsal av billettar føregår på nett fram til festivalen. Me anbefalar deg å sikre deg billett ved å kjøpe på førehand. Hugs at Jordeplerock har vore utsolgt dei siste åra og me kan derfor ikkje garantere at det vil vera mogelig å få tak i billett den siste tida før festivalen.
Ver tidleg ute, kjøp billett so fort som mogleg! 🎶