Tre nye artistslepp til Jordeplerock 2025

16. januar 2025

Årets festivalprogram byrjar å ta form, og no kan me stolt annonsere tre artistar som er klare til å skape magisk stemning i Lærdal sommaren 2025. Med eit variert utval av musikk som vil føre til både både dansefot og allsang. Her er det mykje å sjå fram til!

Ruben kjem tilbake til Jordeplerock etter å ha trollbunde publikum då han avslutta festivalen i 2022. Med låtar som «Lay By Me» og «Milk And Honey» har han blitt ein av Noregs mest populære artistar, og me kan knapt venta med å høyre stemma hans fylle dalen igjen.

Hellbillies, veteranane som har vitja festivalen både i 2015 og 2019, er klare for å skape stemning med sine fengjande låtar med gode historiar. Det er ingen tvil om at allsangen vil runge og dansefoten få fart når dei entrar scena for tredje gong – for alle gode ting er jo tre!

Og sist, men ikkje minst: Vassendgutane! Finn fram cowboyhatten, varm opp røysta og gjer deg klar for kjente tonar som «Hjortejakt» og «Granada». Med sitt unike preg veit me at dette bandet vil skape god stemning på Jordeplerock 2025.

Set av datoane og gjer deg klar for ein sommar fylt med musikk, gode minner og ekte festivalglede i hjartet av Lærdal. Me gler oss til å sjå dykk der!

Tusen takk til våre støttespelarar:

Tusen takk til våre støttespelarar:

Tusen takk til våre støttespelarar: