Informasjon om gratiskonserten torsdag

26. juni 2024

ℹ️ Praktisk informasjon om jubileumskonserten torsdag ℹ️

Arrangementet er utsolgt - det er framleis mulig å melde seg på venteliste. Me opplever stadig at folk avbestiller billettane sine.  

🎫 Ein må hente ut armband for å kome inn på konsertområdet og me oppmodar flest mogelig om å hente ut dette i forkant av konserten. Det kan gjerast onsdag kl. 15.00-17.00 og torsdag frå kl.11.00 og fram til konserten startar. Når ein har henta ut armband er dette å rekne som inngangsbillett.  

📍Konserten finn stad på Jordeplerock sitt festivalområde ikkje langt frå Lærdal Sentrum. Parkering på grusplassen vis a vis hovudinngangen til festivalen. Parkering vil vera merka men skjer på eige ansvar. Det er begrensa parkeringsplassar så berekn god tid til å finne parkeringsplass.  

Dørane opnar klokka 18:00 og ventar stor pågang. Det vil derfor vera lurt å kome tidlig skal ein sikre seg ein god plass og sleppe unna lange køar.  

🎶Arrangementet blir opna med ein velkomstale frå Magne Netland, kraftverksjef for Borgund Kraftverk. Longhorn går på scena om lag klokka 19:00 og Hagle er venta på scena om lag klokka 21:00. Tidene er veiledane og når konserten er starta vil ting gå slag i slag – det er derfor lurt å vera ute i god tid skal ein få med seg alt det ein ynskjer.  

🥔 Det vil bli mat- og drikkeservering frå menyen til Jordeplerock. Me serverar vår berømte Bakt Jordepla med kryddersmør og mais samt  Snerti Snedla (grillpølse i lompe). Det er ikkje alkoholservering denne kvelden.

Tusen takk til våre støttespelarar:

Tusen takk til våre støttespelarar:

Tusen takk til våre støttespelarar: