Me utvidar arrangørgruppa!
17. september 2024
Jordeplerock er på utkikk etter deg som har lyst til å ta del eit givande og kjekt arbeid som inneber å arrangera ein av dei største festivalane i Indre Sogn!
Som arrangør får du ta del i heile prosessen frå planlegging til utførelse av festivalen Jordeplerock. Arbeidet byr på nye bekjentskap med andre medarrangører, frivillige og publikum. Det kan by på både enkle og meir utfordrande oppgåver gjennom heile året. I hovudsak er me på jakt etter deg som kan tenkje seg å innta rolla som artist- og bookingansvarlig eller rolla som markedsføringsansvarlig.
Rolla som artist- og bookingansvarlig inneber å booke dei artistane me ynskjer skal besøkje festivalen. Du vil få ta del i utarbeidelsen av ein line-up, der di rolle blir å kontakte ulike management for booking og eventuelt vidare avtalefeste dei aktuelle samarbeida. I tillegg vil du ha gleda av å ta i mot og ivareta artistane når dei kjem å besøkjer oss! Du vil jobbe i team med ein annan teamleiar og frivillige artistvertar.
I rolla som marknadsføringsansvarlig vil du jobbe med merkevare- og omdømmebygginga av Jordeplerock. Det inneber koordinering av markedsføring i sosiale media og anna meir tradisjonell markedsføring. Ein får ansvar for å halde god informasjonsstraum ut av og inn mot festivalen, via til dømes heimesida vår og sosiale media. I arbeidet vil ein få mulighet til å vidareutvikle og anvende vår visuelle identitet. Du vil jobbe i team i lag med mellom anna festivalsjef, ekstern innhaldsprodusent og designar.
Begge rollane jobbar tett inn mot styret og dei andre arrangørane. Ein vil i hovudsak fungere som teamleiar i frå fyrste stund og vil få tilbod om vegleiing frå start. Ein står likevel fritt til å forme rolla i stor grad sjølv, då det ikkje er noko fasit på korleis rolla skal løysast. Arbeidet er i hovudsak basert på frivillig innsats.
Verkar dette interessant? Ta kontakt med festivalsjef Stian Vatlestad via mail: stian@jordeplerock.no for meir utfyllande informasjon.