Få med deg det siste artistsleppet her!
17. januar 2024
Me starta året med tre nye artistslepp. Postgirobygget, Ringnes-Ronny og Delara til Jordeplerock 2024! Desse artistane har svært ulik diskografi men er også den perfekte kombinasjon for å skape den magiske festivalstemninga.
Dersom ein ikkje allereie har latt seg rive med av Ringnes- Ronny sine topphits «Valhalla», «Jag vil ha deg» og «Polisen» så skal det godt gjerast å unngå det på Jordeplerock 2024.
Vidare byr Postgirobygget byr på kjente sommarklassikarar, og det er ingen tvil om at dersom sola skimtar frampå så er det ingen annan plass enn på Jordeplerock ein bør vera.
Delara har bana ein ny veg innanfor norsk popmusikk med hennar songar som ber preg av tydelig politisk bodskap. Likevel er det nok hennar cover av «Josefin» som har gjort hennar navn kjent for folk flest. Me gler oss til å høyre kva Delara har å by på når ho entrar scena i Lærdal til sumaren!