Sogn Sparebank og Jordeplerock inviterer til Smaojordeplerock

5. februar 2026

Torsdag 25. juni 2026 inviterer Sogn Sparebank og Jordeplerock til Smaojordeplerock – ein eigen festivaldag for barn, unge og familiar frå heile Sogn. På scena står Freddy Kalas og Gunn Kvåle!

Smaojordeplerock er eit nytt samarbeid mellom Sogn Sparebank og Jordeplerock, og markerer starten på festivalhelga Jordeplerock i Lærdal. Målet er å skape ein god møteplass, spre glede og samle folk på tvers av bygder og generasjonar.

Ragnhild Skahjem Tofastrud, kommunikasjonsansvarleg i Sogn Sparebank, gler seg stort over samarbeidet.

– Det handlar om å skape gode møteplassar i Sogn, og vise kor kjekt me har det i lag. Det har vore viktig for oss at dette skal vere eit gratis og inkluderande arrangement, der ingen står på utsida, seier Skahjem Tofastrud.

Også festivalsjef Stian Vatlestad tykkjer dette samarbeidet er skikkelig stas, og legg til at han er svært takksam for å kunne gjennomføre dette.

– Me gjorde noko liknande i 2024, og det er noko av det finaste eg har vore med å arrangere. Å få arrangere ein slik konsert, skape så fine rammer, og sjå så mange born og unge som kosar seg i saman med foreldre og besteforeldre er rørande og heilt fantastisk!

Musikk for både store og små

Kvelden byr på både lokale talent og etablerte artistar. Gunn Kvåle frå Sogndal, som er eit av dei mest lovande stjerneskota frå regionen, opnar showet før Freddy Kalas tek over scena og lagar feststemning for alle.

– Gunn Kvåle er eit stjerneskot frå Sogndal som verkeleg er på veg oppover. Og så kjem Freddy Kalas, ein etablert artist som mange kjenner – me er sikre på at han kjem til å lage god stemning, seier Tofastrud.

Gratis og alkoholfritt arrangement

Smaojordeplerock blir eit gratis og alkoholfritt familiearrangement, ope for alle – ikkje berre for lærdøler, men for barn, ungdom og familiar frå heile Sogn. Det vert også lagt opp til transport frå fleire av bygdene i Sogn, slik at flest mogeleg kan få med seg denne kjekke kvelden.

Eit arrangement for fellesskap og inkludering

For Sogn Sparebank handlar Smaojordeplerock om å bruke samarbeid og kultur til å byggje fellesskap, og for å skape aktivitet og gode møteplassar for unge i Sogn, også dei under 18 år. Sogn Sparebank har vore hovudsponsor for Jordeplerock i mange år, og difor har samarbeidet vekse fram naturleg. Mykje også grunna felles verdiar.

– Både me og gjengen bak Jordeplerock ønskjer å bidra til at Sogn blir ein endå betre plass å bu og vekse opp i, å då er det så fint å kunne skape ein så kjekk møteplass i Lærdal på sumarstid, seier Tofastrud.

Festivalsjef Stian Vatlestad er svært takksam for samarbeidet med Sogn Sparebank, både tidlegare og fram mot neste års arrangement. Han fortel at utan gode samarbeidspartnarar, hadde ikkje Jordeplerock klart å levere festivalar med såpass store artistar.

– Utan solide og trufaste sponsorar klarar ikkje me å overleve som festival. Me opererar på ein knivsegg økonomisk, der marginane avgjer om vi går i pluss eller minus. Her har Sogn Sparebank vore med oss i alle år, for det meste som generalsponsor. Dei har heile vegen heia på oss og sett verdien av det me gjer. Økonomisk er me avhengige av dei, og for oss som driv med dette på frivillig basis gir det utruleg mykje motivasjon å ha ei slik støtte år etter år.

Etter ein lenger periode med planlegging, ser både Vatlestad og Skahjem Tofastrud no fram til utviklinga av samarbeidet framover, og ikkje minst til festivalhelga i juni.

– Me ynskjer å formidle at gjennom samarbeid kan ein få til det meste. Samstundes vil me vise kor stor verdi kulturopplevingar har – og at alle skal ha moglegheit til å vere med. Me gler oss sånn, og trur det blir skikkelig kjekt seier Skahjem Tofastrud.

Skaff deg billett her

Kjøp Billett

Det er berre nokre få billettar att. Me forventar at Jordeplerock 2026 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett fort.

Tusen takk til våre støttespelarar:

Kjøp Billett

Det er berre nokre få billettar att. Me forventar at Jordeplerock 2026 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett fort.

Tusen takk til våre støttespelarar:

Kjøp Billett

Det er berre nokre få billettar att. Me forventar at Jordeplerock 2026 blir utsolgt og det er derfor lurt å kjøpe billett fort.

Tusen takk til våre støttespelarar: